Konferansen
Early bird pris før 15.mars: Heile konferansen, fredag til tirsdag, kostar kr 600,- Enkeltdagar kr 250,-. (Fredag og tysdag er gratis.) Etter 15.mars koster heile konferansen kr 700,-
Kveldsmøta under konferansen er gratis med mulighet til å gje kollekt.
Born under 16 år er gratis
Donerte billettar
NB!! Du kan no også donera ein billett til nokon som treng det. Dette gjer du når du registrerar deg på Checkin.
Dersom du ønskjer ein donert billett kan du ta kontakt på voss@vossbonehus.no. Bornefamiliar, uføre og unge blir prioritert.
Møta blir holdt på Vonheim.
Måltider
Lunsj laurdag og måndag: kr 100,- per måltid før 15. mars. Etter 15. mars er prisen kr. 120,-
Middag laurdag, sundag og måndag: kr 120,- per måltid før 15. mars. Etter 15. mars er prisen kr. 140,-
Det er ikkje lunsj sundag, fordi me har ein lengre bønesesjon der du kan velje å faste.
Halv pris på mat til born mellom 5-15 år. Born under 5 år er mat gratis.
Måltida blir serverte i Nainkyrkja.
Overnatting
Her er nokre tips til stader å overnatte. Me har overnatting på sovesal, ellers må du ordne overnatting sjølv.
Sovesal
Overnatting på sovesal i Voss sentrum, Vonheim kr. 200 pr. natt. Ta med deg det du treng. Dusj er tilgjengeleg. Bruk check-in for dette.
Voss Vandrarheim
Det er 2 km mellom Voss Vandrarheim og Vonheim.
Adressa til Voss Vandrarheim er, Peter Bondes veg 40, 5700 Voss. Sjå på kartet her. Ta kontakt med Voss Vandrarheim direkte.
Voss Camping
Voss Camping ligg i Voss sentrum. Dei tilbyr mellom anna hytter.
Lilandtunet gjestgiveri
Lilandtunet gjestgiveri. Det tek omlag 8 minutter å køyra frå Vonheim. 15% rabatt ved å bestille på mail og oppgi at du skal på Outcry.
Anna overnatting
Du kan også ordne overnatting sjølv privat, hos AirBnB, på hotel, pensjonat eller hytter som fins i bygda.
Merk: Fordi det er Vossajazz og påske, er det lurt å vera tidleg ute.
Medarbeidar
Me treng folk som kan vera medarbeidere på Outcry. Dersom du ynskjer det kan du registrer deg som medarbeidar på påmeldinga. Da må du bidra på tre forskjellege område, til dømes kjøkken, oppvask og møtevert. Som medarbeidar vil du få 300 kr avslag på konferansen.
F.A.Q.
Ofte stilte spørsmål
Kan dykk hjelpe med å finne ein stad å overnatte?
Me visar til informasjonen på «prisar og overnatting»-sida. Me har ikkje kapasitet til å hjelpe kvar og ein med å finne overnatting.
Kan ein kjøpe mat sjølv om ein ikkje har bestilt på check-in?
Det kan ein dessverre ikkje. Vi lagar berre mat til dei som har bestilt mat på check-in. Fristen for å bestille mat er fredag 4. april.
Kor kan ein parkere?
I parkeringshuset Vossapark, Lekvemoen 5
På parkeringsplassen ved Voss idrettshall, Idrottsvegen 13 (husk betaling)
Kva skal eg gjere hvis eg synes møtet blir for langt?
Møta på Outcry er lengre enn eit vanleg søndagsmøte. Det er berre å gå stille og roleg ut for å ta ein pause og komme inn igjen når du er klar igjen.
Kva skal eg gjere hvis eg har noko eg vil dele på eit møte?
«Lytta til Gud»-tida på bønerommet i 2. etasje på Vonheim er staden der alle kan dele fritt. Leiarane tek med seg det som kjem fram under denne tida og veg innfor Gud kva dei meiner skal fram under kveldsmøtet. Her viser me til 1. Korintarane 14, 26-33. Dersom du får noko under møtet ber me deg tenkje over om det du får er noko for det møtet spesielt, eller om det kan vente. For å dele under møtet må du gå og snakke med ein av møteleiarane.
Korleis er det å vere på berre ein dag eller på eit kveldsmøte?
Det er mogeleg å bestille dagsbillett eller komme inn gratis på eit kveldsmøte. Me vil likevel anbefale at dersom det er mogleg for deg å vere fleire dager er det betre. Det er ein sammenheng mellom det som skjer dei forskjellige dagene og ikke alltid lett å kobla seg på det som skjer når ein kjem midt i helga.