Voss Bønehus presenterer

Outcry 2025

Kom la oss gå opp – for ei tid som denne

Stad: Voss

Tid: 11. – 15. april, 2025

Påmelding

Ver tidleg ute og sikra deg plass på konferansen!

Born og unge på Outcry

Om Outcry

Outcry er ein bøne- og lovsongskonferanse på Voss, med eit spesielt fokus på tilbeding, og på bønehus.

Kom, la oss gå opp – for ei tid som denne.

Vi har gleda av å invitera til Outcry igjen i palmehelga 2025 – fredag 11. – tysdag 15. april. Då blir det 10-års jubileum!

Dette blir ein lovsongs- og bønehuskonferanse med fokus på regionen. Vi har eit kall til å utrusta og oppmuntra menneske rundt om på Vestlandet til å leva liv i etterfølgelse av Jesus i bøn og tilbeding. Samtidig trur vi at konferansen vil vera til velsigning for folk frå heile landet.

Vi ønskjer at Outcry 2025 skal vere ei familiesamling der vi kjem saman for å søkje Gud og byggje relasjonar, meir enn å høyra frå ein enkelt talar eller ein enkelt lovsangsleder. Vi trur Gud fører oss saman på tvers av generasjonar og kva for ei kyrkje vi tilhøyrer.

Tema for konferansen i 2025 blir: «Kom, la oss gå opp – for ei tid som denne».

Vi lever i ei utfordrande tid, men også ei tid der Gud vekkjer opp fleire til å søkje han. Vi trur Gud kallar oss saman på Outcry for å oppmuntre, utruste og bli teke høgare så vi kan sjå Guds perspektiv på tida vi lever i. Han kallar oss til å saman gå opp på Herrens fjell slik det står om i Jesaja 2, vers 2-3. Vi trur at Gud på Outcry 2025 vil ta oss høgare og at vi får oppleva og sjå Hans herlegdom. Frå Guds perspektiv så ser ting annleis ut. 

Vi held fram der vi slutta i 2023 i Jesaja 40 med dei etterfølgjande versa etter temaet frå førre gong om å rydda veg i øydemarka (Jesja 40, 4 – 5) 

Vi er som Ester kalla for ei tid som denne til å stå i gapet i bøn og tilbeding for bygdene, byane og familiene våre og for nasjon vår som prestar innfor Gud.

Kom og bli med å søkja Gud saman med oss Palmehelga 2025. 

Voss Bønehus gjer Outcry 2025 saman med fleire kyrkjer og bønehus. Sjå under for meir informasjon om kvar av dei. 

Jesaja 2, vers 2-3

I dei siste dagar skal det henda at Herrens tempelberg skal stå grunnfest høgt over alle fjell og lyfta seg opp over haugane. Dit skal alle folkeslag strøyma.

Mange folk skal gå av stad og seia:

«Kom, lat oss fara opp til Herrens fjell, til huset åt Jakobs Gud, så han kan læra oss sine vegar, og vi kan ferdast på hans stigar! For frå Sion skal lovlære gå ut, og Herrens ord frå Jerusalem.»

Jesaja 40, vers 4-5

Kvar dal skal hevjast, kvart fjell, kvar haug skal jamnast. Bakket land skal verta slette og kollane flat mark.

Herrens herlegdom skal syna seg, og alle menneske skal sjå det. Dette er ordet frå Herrens munn.