Om Outcry

Påmelding

Outcry er ein bøne- og lovsongskonferanse på Voss, med eit spesielt fokus på tilbeding, og på bønehus.

Det starta i 2015, og dette er femte konferansen me arrangerer (2015, 2017, 2019 og 2023). I 2025 er det 10 år sidan fyrste konferanse

Me trur at tilbeding er noko av det viktigaste me som kristne gjer. Tilbeding er eit rop om å få sjå Herren. Då Jesus gjekk inn i Jerusalem på Palmesøndag, sa han at om ikkje me vil tilbe ham, vil steinane rope (Luk. 19, 40). Me arrangerer Outcry i Palmehelgen, som eit rop om at Han skal kome. Klikk her for eit lite tilbakeblikk på tidlegare Outcry.

Når me ser Han, ser me at Han er verdig. Me ynskjer å sjå ein generasjon som samlast fordi Jesus Kristus er trekkplasteret, ein generasjon som elskar Han, vil møta Han og opphøgja Han. Me lengtar etter at tilbeding i ånd og sanning skal fylle forsamlingane på Vestlandet og i Noreg, og at Guds nærvær skal kome sterkt.

I Habakuk 2,14 står det at Herrens herlegdom skal fylle jorda, slik som havet dekkjer havets botn. Me trur at sann tilbeding er ein nøkkel til at Vestlandet og Noreg skal verte fyllt av Hans nærvær. Me drøymer også om at visjonen om 24/7 bøne- og lovprisningsstader skal gripe hjarta til dei som kjem på konferansen.

Voss Bønehus er hovudarrangør for konferansen, i samarbeid med andre bønehus og menigheter på Vestlandet.

Outcry – Herrens rop etter oss
Outcry – Menneskets rop etter Gud
Outcry – Grensesprengande møtepunkt mellom menneske og Gud
Outcry – Eit rop av tilbeding

 

Komité

Sofia Bruno

Sofia Bruno

PR og Hospitality

Øystein Hilleren

Øystein Hilleren

Leiar

Samuel og Johanna Sozo-Haukanes

Samuel og Johanna Sozo-Haukanes

Praktisk ansvarlige

Bente Røberg

Bente Røberg

Påmelding og overnatting

David Sand

David Sand

Lovsangsadministrator

Eirik Helgøy

Eirik Helgøy

Teamoppfølging og Økonomi

Rådgivende komité

Karen Sand

Karen Sand

Rådgivende komité

Rodney Burton

Rodney Burton

Rådgivende komité

«Gud gjør ikke noe uten å først si det til sine tjenere profetene. Mye av det Gud har gjort i landet vårt de siste årene, så jeg først på Outcry. Min opplevelse er at på Outcry kommer folk som er lydhøre for Gud, og Gud taler. Nå er det viktig å komme sammen og høre hva han vil si – for en tid som denne.»

Kjell -Morten Bratsberg Thorsen, leiar Bergen Sentrum Bønnehus